urteforedling - urteri

Når det fins bakeri, meieri, slakteri - da må det vel også finnast eit URTERI?

IMGL9150
vår-08 059
ringblom

Urteforedling kom i gang i 1992, i eige rom i nybygd reiskapshus. Vi fekk mottaksstasjon for Norsk Øko-Urt, nystarta samvirkeforetak for norske urtedyrkarar. Kvifor ikkje kalle oss eit «Urteri» - eit nytt ord i det norske språket?  Etter kvart har det vorte meir bygging av eiga merkevare, og utvikling av eigen design. I dag har vi det meste av økologisk te og krydder, - også eksotiske som vi får frå heile verda. Krydderhandelen har eldgamle røter – hugs at handelsvegane også har vore kulturvegar!

Vi har flytt traktor og reiskap til andre bygg, og har no ein triveleg arbeidsplass, eit "Urteri" med gode rutiner og logistikk!

kornblom
Urtepakking
IMGL9482