historie

 "Vil Vårherre gje oss sol, skal vi sjølve skaffe vatn!"

Steinrøys

Lom og Skjak har tørraste klimaet i Nord-Europa, berre 350 mm. Altså  ein jordbrukskultur der «Vår Herre sjølv syrgjer for sol og vi sjølve må syrgje for vatn til markens grøde» heiter det seg.

Oldfunn viser at gardshistorien går attende til vikingtid og mellomalder. Her var det sikkert  drift når Heilag-Olav for gjennom bygda i 1021, altså for 1000 år sidan! På solsida under Lomseggen var det gode vekstvilkår for bygg, som berga folk gjennom vinteren.

Ola sin olderfar heitte også Ola, og var med å starte Grundtvig-inspirert grunnskule på garden Ofigsbø på andre sida av elva. Odelsguten i neste generasjon heitte Olav (1883-1929), han synte tidleg littærere evner og i mindre grad praktiske! Altså tok broren Pål over garden, også født i 1883, men tvillingar var dei ikkje! Han var ein markant person i bygda, kjøpte Ulvåt Seter øvst i Bøverdalen, var ordførar i Lom under krigen – og attvald til ordførar etter krigen!

I kvardagen er Pål kanskje den som er mest til stades: Han dreiv nybrottsarbeid med dynamitt, spett, hest og slede - til han var 80 år! Steinen la han og hesten opp i ei forseggjort røys, og på toppen reiste han ein kleberstein som står som eit minnesmerke over slit og arbeidsglede!

Ein tredje bror heitte Lars, gjekk landbruksskulen på Ås og vart rektor på  Storsteigen landbruksskule i Alvdal. Som de sikkert forstår, dette er faren til Kjell! Kjell var mykje i Lom som barn og ungdom, faren fekk hyttetomt og bygde "Larstrædet" på garden. I hytteboka er sjølvportrettet nedanfor til høgre å finne. Flåklypa er slik 3-4 km innover i dalen.

Ola overtok garden som ein tradisjonell mjølkeproduksjonsgard i 1986. Da starta omlegginga til økologisk landbruk, og eskperimentering med ulik nye vekster: Salatar og gulrot, dill og persille, selleri og purre osv. I 2012 slutta vi med mjølk, i dag har vi kyrne våre som ammekyr. Eit stort veksthus har kome opp. Og eit "kulturhus" for ustillingar, konsertar, foredrag - ein liten fleirbrukshall!  I dag lever vi i fyrste rekkje av produksjonen av krydder og te.

Olav-foto
KjellPortrett