arrangement
Vi har ope kvar dag framover frå kl. 11.00 til 17,00 fram til midten av august!
Vi fornyar stadig gardsbutikken, og serverer økologisk is, vaffel, kaffe og te.
I sumar har vi fylgjande utstillingar:
"Diktarens utvegar." Ei utstilling om Olav H. Hauge
Fuglar i lyrikken
Kjell, Olav, Ludvig og andre Aukrust-originalar. Faren til Kjell Aukrust voks opp på garden vår, nokre kilometer frå Flåklypa.
Velkomen til gards !
Planlagte arrangement:
10. juli kl. 18.00 : Konsert i Hågåhuset med Rakkarpakk
31. juli kl. 17.00: Konsert med Astrid Sulheim og Mari Midtli
fylg oss på Facebook

Vi har dei siste 15 åra bygd eit kulturhus på garden – «Hågåhuset». Her har vi ymse arrangement, konsertar, utstillingar, servering, - det er vår fleirbrukshall! Eige husorgel har vi også! Vemund Olav studerer kyrkjemusikk og har henta eit puslespel av orgelpiper og anna rart og sett saman!


