Aukrust Gard og Urteri ligg i Lom, ved foten av Lomseggen (2068 moh).
Solrike dagar og tørt klima gjev plantene kraft og aroma.
Vårt slagord: Å foreine det nyttige og det vakre!
Du kan rusle i hagane eller kose deg med litt å eta og drikke. Tida må ikkje alltid gå for fort...
Laurdag 8. august er siste dag med opningstid 11.00 - 17.00 og servering. No har vi nydelege cherrytomatar og ymse andre grønsaker.
Vidare opningstid er: Laurdagar 11 - 14.00. Om du vil koma på anna tidspunkt send ein epost helst dagen i forvegen, så kan vi gjera ei avtale. Epost: [email protected]. Velkomen til gards!