Filosofi

"Ja, eit hageemne er, kvart eit hjarte..."
(Olav Aukrust, diktet "Ein liten stein")

Sørensen

Høge fjell og djupe dalar - tre-fire månader utan sol på garden om vinteren... Slik blir det djuptenkte folk av!

Det har i fleire perioder vore blømande kreative miljø i Lom. Diktaren Olav Aukrust  hadde tiltrekningskraft, - og det var mange diktarar og målarar som rusla rundt med Shakespeare i baklomma, staffeli på ryggen  og brennevinsflaske i ryggsekken... Som Henrik Sørensen som måla utsikten mot Flåklypa (bilete ovanfor).

Folkehøgskulane var viktige i Gudbrandsdalen. Nikolai F.S. Grundtvig (1783-1872) bygde på  "dei romantiske ideane", ei interesse for folkekunst og folkeleg kultur, ein sans  for det storslagne i naturen, eit spirituelt og positivt syn på menneske.

Antroposofien, grunnlagt av Rufolf Steiner (1861-1925) står for mange av dei same ideane.

Diktaren Olav og kona Gudrun gjorde ei klassisk "Danningsreise" sørover til Roma, og på turen heim stoppa dei i 1921 i Dornach (Sveits)  og høyrde på foredrag av Rudolf Steiner. Dette var i det fyrste Goetheanum, med norsk skifer på taket (sjå venstre bilete nedanfor). Bygningen gjekk opp i røyk ikkje lenge etterpå, og vart erstatta av eit modernistisk bygg med organiske former, i betong! Her har noverande gardbrukar Ola studert eit år, og har oftast ein tur sørover ein gong eller to for året. Steiner bygde på ideane til Johann W. von Goethe (1749-1832), som ikkje berre var forfattar men også studerte naturen grundig.

Vi har drive økologisk sidan 1986! Ola var med på aksjonar i Alta og har rekna seg som elev av norske økofilosofar! Vi var med på  fyrste Debio-inspeksjon i 1986! I tillegg har vi Demeter-godkjenning, som er noko strengare. Bio-dynamisk landbruk går attende til eit kurs Rudolf Steiner heldt for bønder i noverande Polen i 1924. På mange måtar er biodynamisk landbruk ein vegbrytar for mykje av det vi i dag kjenner som økologi.

Det var eit lite dykk i dei djupare lag, for dei spesielt interesserte!

Men i praksis er vi samarbeidsorientert og løysingsorienterte! Via Gudbrandsdalsmat når vi kundar i heile Gudbrandsdalen, slagordet «Med hender og hjarte» er eit slagord vi står inne for! Vi har mange gode samarbeidspartnarar lokalt, som Fossheim Hotell, Bakeriet i Lom, Brimibue og Smak i Lom. Det er så mange dyktige og engasjerte menneske rundt omkring!

Goetheanum1
Goethe-sitat1