hager til glede og nytte

Å foreine det nyttige med det vakre er eit motto!
Det er god økologi,  og gjev næring til kropp - og sjel...

Margot2

Vi har mange hagar og mange romantiske hjørner til å drøyme seg bort i! Bilete ovanfor er frå "Det østlege hjørne" i urtehagen, eit lite rom  for stillheit under kirsebærtrea... Vi hentar inspirasjon så vel frå klosterhagar, japanske zen-hagar og engelsk romantikk.  Mange blømande planter til ulike årstider skaper eit paradis for insekter og fugleliv.

Det er ein av dei viktigaste grunnane til å drive eit økologisk  jordbruk! Mangfald og artsrikdom skapar stabilitet og bærekraft!

På nedsida av "Hågåhuset" er vi i gang med å lage ein ny hage, dels for hausting av småkulturar og dels for besøkande. Vi har mura ein ny gråsteinsmur på gamaldags vis, og her er 30 ulike roseslag å finne.

Roser2020
Ny-hage