omvisning - servering

Ein kaffe i det grøne! Det er i livet som i musikken:
Det trengs pauser og tid for å puste ut!

Buffet

I sumarsesongen har vi servering kvar dag:
Økologisk is frå Alm Gard ved Sognefjorden, nysteikte vafler og økologisk kaffe og te.

For grupper er det mogleg å bestille servering basert på eigne urter og grønsaker i sesong. Dessutan eigne spekepølser, brød frå Bakeriet i Lom og  ost og andre varer frå gode kollegaer i Gudbrandsdalsmat.

Vi lagar gjerne eit opplegg med omvisning ute, litt kurs / kultur inne, og eit måltid med mange spanande og sunne smakar! Vi utviklar også eit samarbeid med kokken Matthias Hauge i Vågå, for dei som ynskjer eit gourmet-måltid!

Ta kontakt så skreddarsyr vi eit opplegg!

vaffel
Salattallerken