I sumarsesongen har vi servering kvar dag:
Økologisk is frå Alm Gard ved Sognefjorden, nysteikte vafler og økologisk kaffe og te.
For grupper er det mogleg å bestille servering basert på eigne urter og grønsaker i sesong. Dessutan eigne spekepølser, brød frå Bakeriet i Lom og ost og andre varer frå gode kollegaer i Gudbrandsdalsmat.
Vi lagar gjerne eit opplegg med omvisning ute, litt kurs / kultur inne, og eit måltid med mange spanande og sunne smakar! Vi utviklar også eit samarbeid med kokken Matthias Hauge i Vågå, for dei som ynskjer eit gourmet-måltid!
Ta kontakt så skreddarsyr vi eit opplegg!