Ola tok over garden etter foreldra i 1986, ein gard som på den tida levde av mjølkeproduksjon. Mjølkeproduksjon heldt vi fram med til 2012, - da gjekk vi over til å ha kyrne som ammekyr. Kona på garden, Franziska, er ikkje urtedame men særleg glad i kyrne sine!
Vi har 5 barn, født i tidsrommet mellom 1996 og 2005, så snart forlet siste jente reiret! Det er 3 gutar og 2 jenter, så same fordeling som i Ola sin bestefarsgenerasjon.
Vi har i alle år hatt medarbeidarar, det vil seie menneske som arbeider hos oss over lenger tid, og gjerne etter kvart bur utanom garden. I tillegg har vi praktikantar som bur på garden og arbeider med i perioder frå eit par veker til eit år. Ideelt for læring er eit "internship" som går fra starten av vekstsesongen i april/mai til sesong og innhausting er fullført i slutten av oktober.
Kontakt oss gjerne på epost: [email protected] for nærare informasjon!