arrangement
Vi har ope kvar dag framover frå kl. 11.00 til 17,00 fram til midten av august!
Vi fornyar stadig gardsbutikken, og serverer økologisk is, vaffel, kaffe og te.
I sumar har vi fylgjande utstilling:
PLANTEMEDISIN
TRU OG VITEN
Utstillinga er laga for Historisk Museum i Oslo, av 16 masterstudentar i museologi.
Vi kunne overta ustillinga i vår, og har utforma den på vår måte.
Vi har laga ein quiz, der du kan sjå, smake og lukte deg fram med 12 planter. Den er ikkje veldig vanskeleg, og barnevennleg. Om du kjem på rett spor får du fram eit løysingsord, og blir med i trekning om eit gavekort på 1000 kroner i gardsbutikken!