urteforedling - urteri
Når det fins bakeri, meieri, slakteri - da må det vel også finnast eit URTERI?
Urteforedling kom i gang i 1992, i eige rom i nybygd reiskapshus. Vi fekk mottaksstasjon for Norsk Øko-Urt, nystarta samvirkeforetak for norske urtedyrkarar. Kvifor ikkje kalle oss eit «Urteri» - eit nytt ord i det norske språket? Etter kvart har det vorte meir bygging av eiga merkevare, og utvikling av eigen design. I dag har vi det meste av økologisk te og krydder, - også eksotiske som vi får frå heile verda. Krydderhandelen har eldgamle røter – hugs at handelsvegane også har vore kulturvegar!
Vi har flytt traktor og reiskap til andre bygg, og har no ein triveleg arbeidsplass, eit "Urteri" med gode rutiner og logistikk!