arrangement
Vi har ope kvar dag framover frå kl. 11.00 til 17,00 fram til midten av august!
Vi fornyar stadig gardsbutikken, og serverer økologisk is, vaffel, kaffe og te.
Du finn også litt om Kjell, Olav, Ludvig og andre Aukrust-originalar. Faren til Kjell Aukrust voks opp på garden vår, nokre kilometer frå Flåklypa.
Omvisning etter avtale.
Velkomen til gards !
Planlagte arrangement:
fylg oss på Facebook
Vi har dei siste 15 åra bygd eit kulturhus på garden – «Hågåhuset». Her har vi ymse arrangement, konsertar, utstillingar, servering, - det er vår fleirbrukshall! Eige husorgel har vi også! Vemund Olav studerer kyrkjemusikk og har henta eit puslespel av orgelpiper og anna rart og sett saman!