Urteri

Meieri, slakteri, parfymeri, –
kvifor ikkje «Urteri»?

Fjellnorske dufter og smakar i delikate posar

kvann
Kvann – har på latin både englar og erke-englar med i sitt latinske namn – Angelica Archangelica. Vårt nordiske bidrag til urtekulturen!

Sortimentet vårt har utgangspunkt i eiga urtedyrking på garden.

Vi  tørkar på spesialkonstruert urtetørke med luftavfuktning. Vi får ein framifrå kvalitet på urtene, som ein ser på fargene på blomstervare som ringblom og kornblom.

Vi lagar eit eige sortiment basert på det vi dyrkar sjølve, i delikate poser med vindu som lar deg få eit blikk inn i ei verd av dufter og smakar. Dessutan supplerer vi med økologiske urter og krydder frå heile verda, – slik at vi prøver å ha Norges største utval og vera ein totalleverandør av økologiske urter. Vi har det meste og det beste!