GARD & URTERI

DSCN4864DSCN4861Velkomen til gards!

No er vi i gang med oppdatering av dei nye heimesidene våre.

Solvendt under Lomseggen finn du garden Nordgard Aukrust med solbrune tømmerhus. I «Nordens Provence», i ein jordbrukskultur der Vår Herre sjølv syrgjer for sol og vi sjølve må syrgje for vatn til markens grøde. Altså eit klima godt eigna for blomar og urter, som du kan møte i urtehagen vår.

I 25 år har vi arbeidt med urteforedling, i det vi kallar urteriet vårt. Vi lagar eit stort sortiment basert på det vi dyrkar sjølve. Dette finn du i gardsbutikken, eller du kan bestille varer direkte frå. Drifta er økologisk godkjent sidan 1986. Vi driv bio-dynamisk med Demeter-godkjenning, som er det strengaste av alle økologiske merke.
Til bio-dynamisk drift høyrer allsidigheit og helst kyr, – våre tilbring sumaren på setra Ulvåt øvst i Bøverdalen. Garden vert dreven av Franziska og Ola Aukrust, med fem småbarn, – og gode hjelparar i form av medarbeidarar og praktikantar.