Stiftinga Solrenning

hus

Frå urtehagen, med huset Olav Aukrust voks opp i bakanfor.

Solrenning er namnet på siste diktsamlinga til Olav Aukrust. I 1997 vart «Stiftinga Solrenning» etablert i samband med garden. Sidan den gongen har Stiftinga gjennomført mange seminar, i fyrste rekkje omkring Olsok-leite. Nokre av desse foredraga er å finne i tidsskriftet Libra, nr. 3 2004.

Ved å kontakte oss sender vi gjerne eit eksemplar.

Stiftinga har eit Venelag. Betaler du eit minimumsbeløp på kr. 1000,- er du medlem i 10 år. Da får du tilsendt årsmelding og invitasjonar til seminar og andre arrangement. Du får også 10 % avslag på alle produkt frå garden.

Stiftinga er godkjent av Fylkesmannen som almennyttig Stifting, og er pålagt å sende revidert rekneskap til Brønnøysund.

Stiftinga disponerer to kontoar:

Lom og Skjåk Sparebank:
2085 05 04297
Cultura Sparebank:
1254 20 08952

Pengar Stiftinga disponerer går i fyrste rekkje til realisering av eit byggeprosjekt som skal tene Stiftinga si verksemd.