Olav Aukrust

HSmariogOlav
Mari og Ola på sine eldre dagar
HSolavAukrust
Olav Aukrust teikna av den nære venen Halvard Blekastad

Olav Aukrust vart født her på garden i 1883. Foreldra var Mari og Ola, og neste gut rakk å koma same året! Etter oppveksten i Lom var Olav lærar ein vinter i Folldal, og budde hos Ivar Mortenson Egnund. Ivar var prest, men også årelang medlem i Antoposofisk Selskap. I denne tida arbeidde han intensivt med omsetjing av Edda-diktinga til eit framifrå nynorsk, og gav Olav rik bakgrunn for vidare virke.
Fyrste verket til Olav kom i 1913, med tittelen «Himmelvarden». Olav såg seg sjølv som ein «skald» – at han var ein formidlar av åndelege inspirasjonar. Som ein moderne Olav Åsteson, som skildrar sine syner i Draumkvedet. Han gifte seg med Gudrun Blekastad frå Gausdal, syster til den nære venen målaren Halvard Blekastad. Etter kvart bygde han diktarheimen Lyvjaberg her på garden, og flytte heim. Sjølv om diktinga hans er universell, var han i sitt hjarta også høgst lokal:

«- Huff, Italia var eit fælt land. – Og den katolske kyrkja er mest berre ein einaste storkna humbug. Eg gler meg over all forstand til å koma til Hovde att. – No ser eg for meg ein sumdagsmorgon uppå høi der – med skinande blanke Lomseggi midt imot, og med kaffe og vaflor – å!
Brev frå Italia-reise i 1921

Olav Aukrust døydde i 1929, berre 46 år gamal. «Storboka» hans, diktsamlinga Solrenning var så langt fullførd at den kunne gjevast ut året etterpå.