Økologi og Demeter

husSidan 1986 har vi arbeidt med økologisk jordbruk på garden, så vi var ei dei fyrste til å leggje om i Gudbrandsdalen.

Er økologisk landbruk noko nytt og framandt? Tvert imot, – det er eigentleg ei vidareføring av det tradisjonelle landbruket, som baserte seg på dei naturressursene ein hadde på gard og i utmark. Debio er godkjenningsinstans for økologisk landbruk, med årleg inspeksjon og godkjenning.

 

Demeter er eit internasjonalt varemerke for bio-dynamisk landbruk. Det er den eldste økologisk driftsform i Norge, – fyrste garden vart omlagt alt i 1930.
Bak denne forma for landbruk står antroposofien, slik den vart utvikla av Rudolf Steiner (1861 – 1925). Olav Aukrust, kona hans Gudrun, Halvard Blekastad, Einar Lunde og mange andre som vanka her i grenda på tidleg 1900-tal kjende til og var inspirerte av denne livsfilosofien. Gjennom vår Demeter-godkjenning vidarefører vi dette natursynet.