GARDSBUTIKK & PRODUKTLISTER

HSbluedoor

 

GARDSBUTIKK

Vil du avlegge oss eit besøk fylgjer du skilting med «Olav Aukrust» frå Lom Sentrum 5 km. oppover Solsidevegen mot Flåklypa. Opningstidene i gardsbutikken er:

Tirsdag og torsdag: 15.00 – 18.00
Laurdag: 11.00 – 14.00

I vinterhalvåret (november til mai) er det lite trafikk, – så ta helst kontakt i førevegen (e-post /  eller tlf).

BIODYNAMISK GRØNT
Sumarsesongen har vi eiga bestillingsliste for friske urter, veksthusprodukt og grønsaker. Dette er engros-prisar, vi leverer via Gudbrandsalsmat nedover heile Gudbrandsdalen. Ta kontakt med Gudbrandsdalsmat (www.gudbrandsdalsmat.no) eller direkte til oss. Lokalt er Fossheim Hotell og Bakeriet i Lom våre beste kundar og samarbeidspartnarar.

Vi dyrkar dei fleste vanlege grønsakslag som gulrot, kålrot, Troll-potet, raudbet, kål osv, – i tillegg til veksthusprodukt som tomat og frisk basilikum. Om hausten lagar vi eiga bestillingsliste, og leverer i oktober varer til vinterforsyning heim på døra nedover Gudbrandsdalen til Lillehammer! Eller du kan koma på  Haustdagen vår eller i opningstidene i gardsbutikken. Når den er klar legg vi ut bestillingsliste her.

URTESORTIMENT

Vi har truleg landets største utval av økologiske urter og krydder på lager! Både blandingar og enkelturter!

Privatkunder kan bestille via nettbutikken vår, – gå inn i menyen øverst på sida. Skulle den ikkje fungere, kan du sende ein vanleg e-post og bestille dei produkta du vil ha. Frakt er billigare om du bestiller for over 250 kroner.

Liste med engrosprisar for butikkar finn du ved å klikke  engrosprisar2016

Liste med prisar for urter i større mengde (prisar pr. kg) finn du ved å klikke  Bulkprisar2016

AUKRUST SPEKEPØLSER

Vi slaktar eigen ku/ukse og ein gris via Nortura, og får slakta levert hos Skjåk Turistheim i Skjåk. Dei blandar og stappar pølsene med våre urter. Så tørkar vi dei i 2 månader i urterommet. Frå gardsbutikken er prisen 200,- pr. stk, i fylgjande 4 variantar:
GRØN type: Krydra med timian, merian og basilikum
BLÅ type: Eiga solbærsaft, karve og fennikel
GUL type: Eigen sjalottlauk og grovknust pepar
RAUD type: Einbær og grovknust pepar, vår kraftigaste variant, ei retteleg «karfolk-pølse»!
HStorg

Vi er å finne på torg og marknader, oftast på Bondens Marked på Lillehammer.