ARBEID OG PRAKSIS

HSina HShaustingVi er mange rundt middagsbordet på Nordgard Aukrust! Ein stad for fellesskap – litt som i «gamle dagar» på gardane.

Dette er mogleg fordi vi har eit mangfald av produksjonar. Særleg sumarhalvåret treng vi arbeidshjelp, og dersom du er interessert i urter og det som veks og gror, er det mykje å lære. Vi har eit omfattande «urtebibliotek», med litteratur på ulike språk.
Om vinteren går det i fjøsarbeid og urteproduksjon, altså foredling av dei tørka urtene. Difor treng vi også praktikantar for heile året. Det er også ei oppleving å fylgje årstidene med dei store kontrastane mellom Nord-Europas høgste fjell.

Bio-dynamisk Forening i Norge er godkjent i høve til formidling av «Arbeidande gjest», på line med ungdomsutvekslingsorganisasjonen Atlantis. Likeeins er det eit opplegg for praktikantar på økologogiske gardar, med samlingar og seminar i vinterhalvåret.

Er du interessert, kontakt oss på e.post: aukr@online.no

Eller på gamaldags vis:

Nordgard Aukrust, 2686 Lom
Tlf: (0047) 61211215